Ungdom søkjer ekte musikk. Bill. mrk. ”einsam og håplaus”.

Lerka syng no våren inn på ny, og kjærleik er i lufta – i alle fall på platemarkedet. Like sikkert som gjøk og sisik, trost og stær, trekkjer yre ungdommar små dei er til platebutikkane for å skaffe seg eit eksemplar av sin siste musikalske forelsking. Artistane på sin side er rause med gjødsla: Maria Arredondo er forelska i ein engel, Christina Aguilera vakker, Justin Timberlake græt seg ei elv og Las Ketchup syng ketchupsongen. Her er sol og glede. Men i horisonten truar mørke skyer…

Ungdomsåra er ei opprivande tid. Ikkje minst på musikkfronten. Gamle forhold blir rive opp med rota, og nye blir sådd. Alt i jakta på den evige kjærleiken. Platene som før gjorde gudane sin straff slite (les: repeat-knappen på CD-spelaren), ligg no som eit tida sitt fugleskremsel nederst i bunken, og ei ny døgnflue surrar på trefflistene.

Eg spør: Er musikken verdt å tru på?

Finst ekte og tidlaus musikk?

Svaret er heldigvis ja. Eg har funne den, og trur dykk òg kan gjere det. Eg fortel mi historie i håp om å hjelpe. Eg er ein gjennomsnittsungdom, dette handlar om musikk og denne gongen er det personleg. Men late ein ting vere sagt: Dette er ikkje for folk med begge beina på jorda og nasen i trefflisteåkeren.

I have climbed highest mountains

Mi jakt på den ekte musikken byrjar i 1996, då krydderjentene i den engelske populærgruppa “Spice Girls” slår i gjennom med ”Girl Power”, samt låta med den (i ettertid) nokså treffande tittelen ”Wannabe”. Eg fal pladask for rødhårete Geri ”Ginger” Halliwell, skumle Mel B (”Scary Spice”), sporty Mel C, søte Emma ”Baby” Bunton og snobbete Victoria ”Posh” Adams (seinare fru Beckham). Begge albuma, med dei originale titlane ”Krydder” og ”Krydderverd”, vart innkjøpt, men smaken blei fort borte i alt grillkrydderet.

Dette forholdet er ikkje noko eg er stolt over i dag. Eit utdrag fra Dagbladet si artistside skulle seie kvifor:

Spice Girls var alle småjenter sine store heltinner. I ein middels Oslo-barnehage var det hausten 1997 minst fem-seks forskjellige ”grupper” som kopierte Spice Girls.

Meldaren sin dom: – Girl Power, du liksom… (Håkon Moslet, Dagbladet 17.11.97)

I have roamed through the fields

Fleire originale albumtitlar fekk vi i 1997, av den dansk-norske synth-hypen Aqua – min neste våte draum. Frå albuma  ”Akvarium” og ”Vannmannen” steig fleire treff opp frå havet, saman med frua sjølv: Aqua-Lene. Landeplaga ”Barbie Girl” segla rett inn på trefflistene i båe Japan og Sør-Korea, så vel som i Noreg, Danmark, Storbritannia og Sambandsstatane.

Aqua flaut rundt på overflatehinna i nokre få år før fluesmekkaren endeleg trefte, og mitt andre populæreventyr var over.

Meldaren sin dom: – Bra idiotpop (Håkon Moslet, Dagbladet 25.02.00)

Only to be with you
Only to be with you
I have run, I have crawled

Etter desse kortforholda ville det vere ein løgn å seie at mitt sjølvbilete som mann ikkje var noko svekt. Min Rolling Stones-frelste far prøvde nesten å kome ut av kontrakten, der eg dreiv rundt på ”Absolute Music”-bølgja. Ikkje akkurat ”Satisfaction” der i bassenget.

Kva var det med meg?

Hadde testosteronet svikta i puberteten?

Hadde mamma vore for snill?

Desse spørsmåla surra rundt i hovudet mitt, og eg var i ferd med å vie mitt liv til boyband-musikk då eg endeleg høyrde lyden:

I have scaled the city walls
The city walls
Only to be with you

But I still haven’t found what I’m looking for

Eit einsamt tre i ørkenen. Fire irske gutar. Dette var ekte. Dette var tidlaust. Dette var rockeveteranane i U2 med det klassiske ”Joshua Tree” (1987).

Eg blei paff. Etter så mange år i tystnad hadde eg endeleg kome til vendepunktet på musikken sin svingande graf. Hammaren small mot ambolten og stigbøyelen mot hesten i det Bono, The Edge, Adam Clayton og Larry Mullen jr. reid inn i øyret mitt. Eg hadde midt i håpløysa funne det eg leita etter. Eg hadde funne den ekte musikken.

Eg ville løpe.

Eg ville gøyme meg.

Eg ville rive ned murane som heldt meg inne.

I want to feel sunlight on my face
See that dust cloud disappear without a trace
I want to take shelter from the poison rain

Where the streets have no name

Meldaren sin dom: – Det er lyden av menneske som framleis prøver, som framleis ser, medan alt verda vil ha av dei er volum og fyrverkeri (John McCready, New Music Express 14.03.87)

Det er håp for oss alle – der gatene ikkje har noko namn.